torsdag 1. oktober 2009

Miranda - fantastisk morosam dame!

http://www.youtube.com/user/mirandasings08?blend=1&ob=4

onsdag 30. september 2009

Pai- og klyppedag i Kjølberggata

Ikkje så god deig...Veldig god pai!Skeptisk:Resultat: nøgd!














Drapene i Aalst


Drapane i Aalst er eit sterkt stykke. Det tar for seg historia til paret som drepte sine to born i Belgia for ein del år tilbake. Stykket er enkelt, utan noko særleg form for scenografi og rekvisittar. Ane Dahl Torp og Aksel Hennie gjer ein flott tolking av to mennesker som tydleg har hatt eit hardt liv frå oppvekst og fram til no. Stykket er bygga opp rundt forhøra rundt rettsaken. Dennis Storhøi er stemmen i stykket som avhører dei skuldige. Me får vite kvifor dei drepte borna og kva tankar dei hadde då og kva dei tenkjar no rundt det heile.


Det er, som sagt, eit sterkt stykke der du på ein måte får ein slags forståelse for korleis nokre menneske tenkjar i ein slik forferdelig handling. Drapene i Aalst skal ut på turnè så det er berre å gå på teater!


mandag 21. september 2009

Jesus Christ Superstar


Kul historie, kul musikk, fatastisk scenografi. Eg syns forestillinga var veldig bra scenografisk og skodespelarane er flinke. Frank Kjosås i rolla som Judas var han som bar forestillinga med fabelaktis sang og skodespel synes eg. Hank von Helvete gjorde ein bra jobb, men litt anonymt spel. Men absolutt vert å sjå. Spesielt å høyre ein slik sangstemme som stemmen til Jesus. Mange vil nok syns at det er ein "ond" stemme som ikkje høyrer Jesus til. Men veldig interessant. Som sagt, eg syns det er verdt å sjå berre på grunn av scenografien og måten dei har brukt heile rommet på.
Legg merke til korleis toget som Judas vart drept av liknar slangen, som igjen symboliseras satan.

Mamma Mia


Eg var så heldig å få gå å sjå musikalen Mamma Mia på Folketeateret her ein kveld med Pernille og mora. Det var ein klassisk musikal med masse dans, musikk og litt snålt skuespill til tider. Men Mamma Mia sjarmere jo alle. Dei tre damene var supre, morosamme og galne -slik dei skal vera og bruden var òg veldig flink! Gøyal forestilling!

http://www.folketeateret.com/ (speletid til jul ca. )

I det sista... (liten update)

...sirene ule forbi vindauge titt og ofta (Politiet og fengslet i Oslo rett ned i gata). Men i dag stoppa brannbil, fleire politibilar og ambulanse rett boti gata her. Eg og Annette hang ut vindauge ganske så lenge, køen blei lenger og lenger. Til slutt var det to 20 bussar i køen og den tredje var på veg...då har dei stått ei lita stund der.. Men me fann egentlig ikkje ut kva det var så skjedde. Me trur at det var ein som skulle gå over overgangsfeltet som blei påkjørt, men det var ingen av politifolka som ville rope opp grunnen til fjerde etasje...

...eg er faktisk student og har innleveringsoppgåva i morgon. Det går egentlig ganske greit trur eg. Så klart veldig sein start, men best å arbeide under press.

...har funne ut at alle helger i oktober er fullbooka.

...her i Kjølberggata 23 har det nesten blitt tradisjon allereie å gå på Jakobs messa på søndagskveldar. Fin helgavslutning.

...på fredag var me på Kulturnatta. Fyrst var med å såg Andreas (Ten Sing Norway) gå modell for Fairtrade - det var veldig morsomt, men han greide seg veldig bra og Kjølberggata 23 var stolte. Etterpå var me på Christian Radich og drømte oss bort på seiltur. Me fekk og me oss konserten i Spikersuppa.

...eg og Marte (TSN) har blitt kjempe flinke til å svømme tidlig på morgonen. Me har gått frå svømmetur i 4/5 tida til å var ferdig å svømme klokka halv ni om morgonen. Det er ganske så bra for B menneske meg.

onsdag 2. september 2009

Endelig Nordmarka

I fjor seinsommar/haust satt me igjen på Rønningen og såg alle dei andre gå ut i marka på tur. I år var det jammen min tur!! No har eg vore tre dagar i marka og sovet i Nordmarkskapellet med UKT-klassen og våre tre hovudlærarar. Me har blitt kjent, utvikla intern humor og lert litt saker og ting. Ein vellukka tur, absolutt.

Ellers har eg no gått snart på MF i tre veker. Tida går fort, og i bokhylla står all pensumlitteraturen og ventar på å bli opna, praksisplassen er snart i gong for fullt og leiligheten ligg her så fin og ynskjar oss velkomen heim kvar dag. Det har verkeleg blitt heimekosleg her på Tøyen/Kampen. Fastbuande Oslobuar, farmor og farfar og andre omstreifande menneske frå andre stadar i landet - kom innom!

fredag 28. august 2009

Smakebit av sommar på Fister















































































lørdag 15. august 2009

No var det lenge sida eg har tatt meg tid til eit lite innlegg på bloggen.
Viktige hendingar i det siste: er stolt eigar av Canon 450D og tar bilete av alt, har gjort min plikt å forhandsrøysta på både stortingsval, soknerådsval og bispedømmeval. Jobb er vel det største hendinga heilt sidan TT, heldigvis byrjar det å vise på kontoen. MF er min studiestad frå måndag av på Ungdom, kultur og tro. Oslo er min bustad ei god stund framover frå i morgon av! Svineinfluensaen har kome til Fister óg faktisk, influensa lappane er hengt opp over alt til og med på nynorsk no.

Elles kjem det snart nokre bilete frå sommaren her inne på bloggen. Til dømes bilete frå den flotte overnattingsturen med båten vår som enda på ei grunne (følg med!)... Så eg ville berre seie eg lev, snart kjem det bilete av nokre av dei sommar happeningane eg greide å få dokumentert.

tirsdag 14. juli 2009

Ten Sing Norway 08/09 sin siste offentlege framføring. (kanskje litt feil plass å settje spotlighten?)

TSN glimt i kvardagen

To dagar i Fevik utafor Arendal, 5/6 timar heimafår. Men eg greier sjølvsagt å finne noko "familie". Når eg var i byen i Arendal ser eg ei lilla TSN t-skjorte i det fjerne. Eg hoppar opp og ned, peiker og ingenting skjer. Eg trekk meg litt tilbake og tenkjer at andre og kan jo ha lilla t-skjorter. Men er ikkje dette den t-skjorta eg og Camilla brukte fleire timar på å snakke om på LUDVIK for å finne fram til eit alternativ me kunne vise til dei andre? Plutselig reagerer den lilla t-skjorta der borte og Harald kjem gåande mot meg. Akkurat då føltes det ut som om eg ikkje hadde vore frå TSN i meir enn nokre dagar. Å den følelsen håpar eg at eg kjem til å ha lenge, kanskje for alltid... TSN familien bryr seg ikkje om det er 1 dag eller 5 månader me har vore frå kvarandre. Me kjenner kvarandre likegodt og TSN 08/09 er ikkje ferdig. Det er berre eit heilt nytt super kjekt kapittel, som kanskje ikkje inneheld at me vert lei kvarandre eller må ha heftige diskusjonar (Jo, Andreas me skal nok diskutere nokre ting for kjekt. For din skuld!) 

Eg gledar meg til å treffe på min TSN familie plutseleg på gata i morgon eller om 10 år, eg trur det vil bli kjekt uansett. Gledar meg til resten av TSN 08/09 vennskapet. :)

Sørlandsroadtrip!

To dagar ferie, det falle som regel vekk i litt soving ut på dagen og slækking. Men jammen meg greide me ikkje å få ein heil ferie ut av desse to dagane. 

Eg, Jorunn, Astrid og Wenche sette oss i bilen i Stavanger søndag kveld itte me nesten ikkje rakk ferja.... ja, min feil.. Men, uansett, me rakk den og turen var i gong. Med mange pitstops for å fylle på vatn i bilen for å unngå overoppheting og billeiker frå begynnelse til start blei turen til Fevik veldig kort, faktisk. Plutseleg var me framme i leiligheten på Fevik - o idylliske vakre sørland! Her fant me oss godt til rette med film og sovna fort i sengene våre. Neste dag gjekk med til shopping og kino i Arendal. Fira jenter på Arena shoppingsenter i Arendal, med ingen hensikt i å kjøpe noko møtte på det eine salgskilte etter det andre og kunne ikkje motstå fristinga. Endelig kunne me bura oss inne på kinoen, noko som var ein stooor suksess. Istid 3!! Du MÅ berre sjå den, fantastisk morosam. God oppfylgjar! Etter kino var me glade og nøgde og sette snutane heimover og slappa av. Neste dag byrja me turen heimover med leiker og pitstops og plutseleg var me heime igjen nyutkvilte for ein ny jobbeøkt. 

Super jentetur :) 

torsdag 9. juli 2009

Vinnerlukke!!

Eg har vunne snowboardcamp i Sveits!! :D
Alt inkludert, seks dagar heiskort, coaching i bakken av NTG/landslag trenarar og masse snø i dei sveitsiske alpene i september.
Sidan Ingrid Elise er så syyyykt snill ga hu dette bort til sin broder, Jone. :)

www.snowboardcamp.no

"Jobbe, jobbe, jobbe (...) jobb nå må du jobbe, jobb jobb."

"Si takk å si ja og bli med meg på jobb (?)"

Någen så har lyst å stikke innom Spinneriet - JA, GJER DET! Kom med ditt lystige humør og sprit opp stemninga, få deg ei vaffel og drikk litt kaffi/te/brus eller berre gratis isvatn. Høyrtes ikkje dette bra ut så tenk på at du får deg ein hyggelig prat med meg, komkom!

I dag var eg så heldig å få besøk av Helga, då gjekk dagen så mykje fortare! Hu går forran som eit bra eksempel for dok andre. Ellers får eg laga ein god del hempsmykker og armband og friska opp i pianospelinga mi på det flotte flygelet. Kom å ta lunsjen din hjå meg, har tom. påsmurte bagels nå å friste med :)

Sommaren ser ut til å ta sin vante form; jobbing, badminton og filmkveldar med oslohyttegutane, grillsamlingar med gjengen med kubb og kos, og litt båt og sol når eg har fri i blandt.

Oppsummering: kom på Spinneriet :)

søndag 5. juli 2009

Sommaroppdatering

Fister vise seg frå si beste sida i desse dagar. Sol og øve 20 grader i sjøen! 
Det var sjølvsagt nokre arbeidsdagar inni denne solfylte veka for meg, og i tillegg sjukedagar (som sagt aircondition i bussen!). 
Men det hjalp på då Tora kom rundt svingen i sin raude bil og blei verande på Fister i to dagar. Kjøretur rundt omkring, grillmiddag, bading, soling og mykje anna fekk me gjort. Til og med laga ein liten barnegospelsang! 

Laurdag var siste soldag, for ei stund i alle fall, og det vart båttur. Kanskje ikkje så lurt for snuen, men jaja siste finværsdag må nyttast. Då eg tøffa båten inn til brygga var det nesten ikkje plass til oss, det hadde kome ein ny båt... Kor var den fine litle seilbåten eg drømte om skulle vera min? Jo, den stod på land! No er neste mission å finne ut om den skal seljast. :)